Sider

01 november 2010

Schizofren klassikar i Lara Croft-drakt

Foto: L-P Lorentz


I Det norske teatret si oppføring av klassikaren Den hemmelege hagen greier ikkje teateret å bestemme seg for kva som er viktigast. 
 
Teatret vil så gjerne ha i pose og sekk. Dei vil ha fram den djuptliggande bodskapen om håp og meistring av sorgbearbeiding, samtidig som dei vil appellere til ungdom ved å sette fortellinga inn i ei fresh dataspelsetting. Begge mål mislukkast. Dersom dei skulle nådd fram med bodskapen, måtte dei ha gitt oss moglegheit til å bli ordentlig kjente med karakterane i stykket, slik at vi fekk sympati med prosjekta deira. For å appellere til ungdommen måtte dei i større grad tatt på alvor den kompleksiteten og rikdomen som faktisk ligg i musikken og dataspela til ungdommen.


Å komme over sorga
Den hemmelege hagen er ei britisk barnebok frå 1911 som dreier seg om å komme over sorg og sakn. Mary Lennox, ei tverr lita jente som har vakse opp i India, mistar foreldra sine, og vert sendt til den ulukkelege onkelens gamle herregard Misteltweith på den engelske landsbygda. Etter ei stund finn ho eit avstengd rom der den sjukelege guten Colin bur. Eit mørke har lagt seg over staden, og inga glede finst lenger på Misteltweith.

Forbi vampyrsumper og søppelberg
Mary Lennox vert låst inne på rommet sitt. Dermed vert ho sugd inn i eit dataspel, og herregarden må vike for speluniverset. Utfordringa i spelet er å ta seg i gjennom den onde og kyniske hagen og finne att lyset og gleda. Mary er overtydd om at nøkkelen til å runde spelet er samarbeid med Colin, sjølv om det ikkje finst two-player i Den hemmelege hagen. Når Mary først loggar seg på, får ho velje kva for ein karakter ho vil vere. Både denne og den påføljande introduksjonsscena til i spelet er verkelig gode. Heidi Ruud Ellingsen, som spelar Mary, er svært truverdig som spelkarakter, medan ho dinglar med kroppen, krasjar, boksar, slåst seg forbi søppelberg og vampyrar og plaffar ned ormar og graskar.

Hardt fall frå ambisiøse høgder
Når song får ein så viktig plass i ei ungdomsførestilling er det viktig at det sit. Her kjem Det norske teatret brutalt til kort. Å tru at ein kan leike seg til suksess med superhits som Eminems Loose Yourself og Lady Gagas Pokerface er ei tabbe. Når det i tillegg skal dansast undervegs, går det svært ofte på trynet. Berre Vampyren til Jon Eivind Gullord haler i land 50 Cent sin Candyshop med stort hell. Den verkelige styrken til Den hemmelege hagen er danse- og slåstescenene. Dei er fantastiske, og timing, lydteknikk og lys fungerer i imponerande grad.

Apple eller Nille
Eit anna problem i førestellinga er at vi i alt for liten grad vert kjent med menneska som fyller garden og hagen. Dei forblir stort sett tamme sjablonger med sparsommeleg evne til å tenkje meir enn ein tanke. Scenografien er stort sett svært god, men ein smule schizofren. Nokre ting er Apple-lekre, andre er kitchy og ser ut som noko dei har kjøpt på Nille. Skodespelarane gjer stort sett det dei kan med den tynne materien dei har fått utlevert, men for mange av dei får alt for lite å spele på. Teatret har vore opptatt av å formidle at stykket handlar om å bearbeide sorg. Men med ei så grunn bearbeiding av kjensler som stykket gjer, er det verkeleg ikkje eit slikt djupt bodskap som står igjen.

Teatermelding
Den hemmelege hagen
Det norske teatret, hovudscenen
av Line Grünfeld, fritt etter ein roman av Frances H. Burnett
Regi: Erik Ulfsby
På scenen: Heidi Ruud Ellingsen, Jon Eivind Gullord, Audun Sandem m.fl.


Teatermeldinga står på trykk i Argument # 5 2010.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar